Ledige stillinger

Ledig 50% stilling som reinhaldar ved Vidsyn Arbeidshotell

Vidsyn Arbeidshotell er lokalisert i Gulen Industrihamn (Sløvåg), vis-á-vis Mongstad, om lag 1,5 time frå Bergen. Vidsyn driftar arbeidshotellet med 104 rom, catering for industri og næringsliv i regionen, i tillegg til restaurant og kurs- og konferansefasilitetar.

Arbeidshotellet er ein del av eit større næringsbygg som husar over 30 bedrifter innanfor ulike bransjar og har nærleik til ulike bedrifter og velferdstilbod.

Bedrifta består av tilsette innan reinhald, servitørar, kokkar, vakter og resepsjonist.

Vidsyn Arbeidshotell har også ansvaret for fellesareala til leigetakarar i Vidsyn Næringsbygg og fungerer som resepsjon for bedrifter i bygget.

Om stillinga

Stillinga som reinhaldar er på dagtid måndag - fredag, primært mellom kl. 08.00-16.00.

Det kan i nokre tilfelle verte moglegheit for å ta ekstraskift utover stillingsprosenten.

Vi tilbyr:

  • 50 % stilling
  • Stort ansvar for eigne arbeidsoppgåver
  • Vidsyn Arbeidshotell kan tilby gode pensjonsordninger og lønn etter tariff
  • Opplæring vil verte gitt
  • Tilsetjing vil vere 15.april


Den vi ser etter:

  • Må vere fleksibel
  • Sjøvlgåande
  • Godt humør
  • Kunne ta i eit ekstra tak ved «arbeidstoppar»
  • «Stå på vilje»
  • Positiv og serviceinnstilt
  • Er personleg eigna til stillinga

Utdanning:

  • Fagbrev innan reinhald er å føretrekke, men erfaring kan veie opp for manglande fagbrev. Opplæring vil verte gjeve.

Søkjar må:

  • Ha førarkort klasse B
  • Beherske norsk/ engelsk skriftleg og munnleg

Søknad og eventuelle spørsmål til stillinga sendast til torill@vidsyn-drift.no eller ring til tlf. 940 32 763 og spør etter Torill Bjåstad

Søknadsfrist er satt til 15.mars 2020

Tilsetjing vil være 15.april 2020