Om oss
Det gode vertskapet

Vidsyn Arbeidshotell og Restaurant

Vidsyn Arbeidshotell og Restaurant starta opp i november 2014 då Vidsyn Næringsbygg stod klart. Arbeidshotellet er ein del av eit større næringsbygg som husar over 30 bedrifter innanfor ulike bransjar og har nærleik til ulike bedrifter og velferdstilbod.

Det er kort veg til daglegvarebutikk, treningssenter, massasje, fotterapi, hudpleie, tannlege o.l. og ønskjer du å nyte dagen ute har vi flotte naturområde rett utanfor døra.

Vidsyn Arbeidshotell vart stifta grunna stor etterspørsel etter overnatting frå bedrifter i næringslivet ved Gulen Industrihamn, fyrst og fremst for arbeidarar, men det var også eit generelt behov for turistar og tilreisande som gjorde at Vidsyn fant sin plass i hamna.


Våre tilbod

Vidsyn har lokalar for både overnatting, kurs og konferansar, og treng du ein plass for din konfirmasjon, bursdag eller ditt bryllaup har vi lokalar for dette. Vi har totalt 60 rom for overnatting i hotellet og 44 rom i våre brakkar, 3 møterom, ein storsal og 2 mindre lokalar for hyggelege samankomstar eller større møter.

Ønskjer du ikkje å leie lokale kan ein ordne til eit langbord i restauranten for eit meir ope selskap.


Parkering

Sløvåg Næringsbygg har ca 130 parkeringsplassar utandørs kor det er mogleg for gjestane ved Vidsyn å parkere anten du skal overnatte på hotellet, brakkene eller nyte ein matbit i restauranten.


Vidsyn Drift

Vidsyn Drift AS er selskapet som driftar Vidsyn Arbeidshotell og Restaurant.

Bedrifta består av tilsette innan reinhald, servitørar, kokkar, vakter og resepsjonistar.

Vidsyn Drift har også ansvaret for fellesareala til leigetakarar i Vidsyn Næringsbygg og fungerer som resepsjon for bedrifter i bygget.

Bedrifta Vidsyn Drift er eit aksjeselskap med private aksjonærar frå næringslivet, og styret består av representantar frå aksjonærbedriftane.