A R B E I D S H O T E L L

H o t e l l e t    v e d    F e n s f j o r d e n. 


Vidsyn Arbeidshotell tilbyr overnatting, og ligg ved Fensfjorden ytterst i Sognefjorden i Gulen kommune. Hotellet har 60 rom fordelt på enkeltrom, dobbeltrom og ekstra store dobbeltrom som er tilpassa rullestol brukara etc.  Det er heis i bygget og ekstra breie korridorar for lett framkomst. Alle romma har eige bad med dusj. I tillegg er dei utstyrt med TV og gratis Wi-Fi. For større prosjekt har vi også brakker i tilknytning til hotellet. Brakkene er velutstyrt med toalett og dusj på alle rom, gratis Wi-Fi og TV, vidare er det romseleg garderobe med tørkerom, felles opphaldsrom, eige vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Det er totalt 44 enkeltrom i brakkene.

Alt er tilrettelagt for at du som gjest skal få eit godt måltid og ei god natts søvn!