Personvernerklæring

1.Kven er behandlingsansvarleg?

Vidsyn Drift AS (Vidsyn Arbeidshotell) ved dagleg leiar er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane bedrifta hentar inn og behandlar. Dette gjeld opplysningar om våre kundar og samarbeidspartnarar, som har eit kundeforhold, eller eit potensielt kundeforhold, og som nyttar våre tenester.

At vi er behandlingsansvarleg betyr at vi er forplikta til blant anna å informere deg om korleis vi nyttar personopplysningane dine, og til å beskytte personopplysningane dine. Det er viktig for oss at du føler dine personopplysningar er trygge hjå oss, og vår personvernerklæring skal gje deg informasjon om korleis vi jobbar for dette. Dersom du har spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningane er du velkommen til å ta kontakt med oss. Sjå kontaktinformasjon nedst i personvernerklæringa.  

2.Kvar lagrast persondata:

Persondata frå våre kundar og samarbeidspartnarar lagrast på denne måten:

  • I vår sky-teneste hjå Microsoft Office 365, beskyttet med passord

  • I vår mail-teneste hjå Microsoft Outlook

  • I passord-beskytta mappe på PC og låsbart arkivskap/ kontor

  • I vårt HMS-system hjå HMS Design AS

  • I vårt booking- og faktureringssystem HotSoft

  • I vårt økonomisystem Uni Micro

  • Hjå vår mobiloperatør Fonero

  • I system hjå vår rekneskapsførar Nyhammer Råd og Rekneskap

  • I system hjå vår revisor KPMG AS

  • Gjennom vår nettsideportal operert av Webnode.com

  • Gjennom vår nettsideportal på Facebook

  • I system hjå vår bank, Sparebanken Sogn og Fjordane

  • I system hjå Google ved bruk av Google Forms

Kontaktinformasjon vert lagra i dei ovannemnte system dersom du kontaktar oss, svara på undersøkingar, eller betalar via ordningane.

3.Korleis sikrast, arkiverast og slettast opplysningane
3.1 Sikring av dine personopplysningar
Vi vil sikre at behandling av dine personopplysningar til ei kvar tid er i tråd med legitime behandlingsgrunnlag. I tillegg har vi avtalar med samlege samarbeidspartnarar og leverandørar for å sikre at dine personopplysningar behandlast på ein trygg og forsvarleg måte (Jf. Databehandlaravtalar).

3.2 Lagring av persondata
Vidsyn Arbeidshotell lagrar persondata om sine kundar, samarbeidspartnarar og andre som har vore i kontakt med oss, i eigne register i mappe på passordbeskytta PC. Elles vil opplysningane verte lagra i vår sky og andre nemnte system som er sikra av deira eigne tryggleikstiltak.Opplysningane vert lagra i maks fem år etter oppføring, evt. lenger dersom lova tilseier dette. For kundar hjå oss vert opplysningane lagra så lenge det føreligg eit kundeforhold.

3.3 Sletting og oppbevaring
I høve personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 17 vil vi ikkje lagre dine personopplysningar lenger enn det som er nødvendig for å gjennomføre føremålet med behandlinga. I høve Bokføringslova § 13, 2. skal visse opplysningar, som kontrakt og fakturagrunnlag med blant anna namn, adresse og kundenummer, lagrast i 5 år etter kundeforholdet er avslutta. Etter oppbevaringstida på 5 år vil vi ha sletta og/eller anonymisert alle personopplysningar som kan identifisere deg som kunde.Dersom vi behandlar personopplysningar på grunnlag av ditt samtykke, slettast disse når samtykke trekkast tilbake.

4.Oversikt over personopplysningar som behandlast

Over har vi angitt kva slags opplysningar vi behandlar for ulike formål og på ulike grunnlag. Her gjev vi ei oversikt over opplysningar vi kan behandle om deg (kan gjelde alle som er kunde eller samarbeidspartnar til Vidsyn Arbeidshotell):

  • Fornamn og Etternamn

  • Telefonnummer

  • Privatadresse

  • Fakturaopplysningar

  • E-postadresse

  • Kontonummer (gjeld kunn etter avtale, eller ved utbetaling av lønn)

  • Personnummer (kunn etter avtale)

  • IP-adresse

  • Cookies (informasjonskapsler), Google Maps og Google web fonts (kun for optimalisering av nettside)

5.Kvifor lagrast dine data?

Dine persondata lagrast med det føremål at vi i Vidsyn Arbeidshotell skal kunne registrere bestillingar frå deg som kunde, og kunne levere overnatting, tenester eller varer til deg. Dei vert og lagra for at vi skal kunne halde kontakt med deg som kunde eller samarbeidspartnar.

5.1 Nyheits- og informasjonsbrev
Som kunde vil du mota nyheits- og informasjonsbrev frå oss, hovudsakeleg digitalt. Nyheits- og informasjonsbreva kan innehalde både nyttig informasjon knytt til tenester, nyheiter og anna, og kan i enkelte tilfelle reknast som marknadsføring.

Vi behandlar denne informasjonen med grunnlag i personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f, fordi vi har ei interesse i å kunne kommunisere med deg som kunde, marknadsføre våre produkt og gje deg relevante tilbod. Du kan når som helst gje beskjed om å ikkje få tilsendt denne informasjonen som kan reknast som marknadsføring.

5.2 Kundeundersøkingar
Det er viktig for oss å få dine tilbakemeldingar slik at vi kan forbetre vår service, tenester og leveransar. Derfor vil vi bruke namn, telefonnummer og e-postadresse for å sende deg kundeundersøkingar. Ved disse undersøkingane nyttar vi Google forms.​Behandlingsgrunnlaget for dette føremålet er personopplysningsloven § 1, jf. GDPR artikkel. 6 nr. 1 bokstav, fordi vi har ei interesse av å få vite korleis kundane våre opplever oss.

6. Databehandlarar
6.1. Kommunikasjon og behandling av dine førespurnadar
Når du kontaktar oss via telefon eller sms vil ditt namn og telefonnummer registrerast i våre register og hjå vår mobiloperatør. Når du kontaktar oss via mail vil din e-post registrerast. Kontaktar du oss via chatte-funksjonar som Facebook Messenger vil ditt namn registrerast hjå oss. Kontaktar du oss via vårt kontaktskjema på heimesida, vil alle opplysningar du gjev der lagrast i våre system.

I tillegg nyttar vi Nyhammer Råd og Rekneskap som vårt rekneskapsbyrå, Uni Micro som vårt økonomisystem, og HotSoft som bookingssystem, dermed vil alle data i samband med fakturering og registrering verte bokført her.

Alle register vert også lagra i mappe i våre sky-tenester, eller i arkivskap.

7.Dine rettigheiter
Du har ei rekke rettigheiter ovanfor oss som behandlingsansvarleg for dine personopplysningar. Du har blant anna:

  • Rett til innsyn i bruk av dine personopplysningar (personopplysningsloven § 1, jf. GDPR artikkel 15),

  • Rett til utlevering/dataportabilitet av dine personopplysningar (personopplysningsloven § 1, jf. GDPR artikkel 20)

  • Rett til å fremme ei motsegn (personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 21)

  • Rett til å be om korrigering av opplysningar (personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 16)

  • Rett til å få dine personopplysningar sletta eller at behandlinga avgrensast (personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 17 og 18)

7.1 Klage
Du har rett til å klage til Datatilsynet på vår behandling av dine personopplysningar. Vi oppfordrar deg likevel til alltid å ta kontakt med oss først.

7.2 Krav til legitimering
Dersom du ber om for eksempel innsyn i dine personopplysningar må vi vite at det faktisk er deg som spør. Derfor må du legitimere deg for å få innsyn i dine personopplysningar. Ditt innsynskrav vil verte svara på innan 30 dagar etter førespurnaden. Opplysningane vil verte tilsendt via e-post (gjeld ikkje sensitive personopplysningar).


8. Kontaktinformasjon
For spørsmål eller ved ønskje om innsyn, retting eller sletting, ta kontakt med: Vidsyn Drift AS ved Toril Bjåstad

Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra

Mail: toril@vidsyn-drift.no

Mobil: +47 940 32 763

Org.nr: 913 666 682